Ridderuka: Noregs mest undervurderte leiarutdanning – og det faglege bak Team Pølsa

February 24
30 mins

Episode Description

Kva skjer når 150 førsteårsstudentar får ansvar for eit menneske med syns- eller bevegelsehemming dei aldri har møtt før – og skal lose dei trygt gjennom slalåmløyper, langrennsløyper og ei heile veke på fjellet?

I denne episoden snakkar me om Ridderuka på Beitostølen – verdas største årlege vintersportsveke for menneske med funksjonsnedsetjing.

Me snakkar også om NRK-serien Team Pølsa, som har premiere på sesong to denne veka, med tidlegare NIH-student Svein Brynhildsvoll. Han jobbar på Beitostølen helsesportsenter og er tilretteleggar for serien, og sentral både framfor og bak kamera. Kva for fagleg kompetanse og arbeid ligg bak meistringsopplevingane deltakarane i Team Pølsa får?

For deltakarane på Ridderuka handlar det om meistring, identitet og aktivitetsglede. For førsteårsstudentane på NIH, som har Ridderuka som eit eige emne, er det ei erfaring mange beskriv som livsforandrande og det beste minnet frå tida på NIH.

Gjestar er generalsekretær i Ridderrennet, Martin Sletten, og ergoterapeut Svein Brynhildsvoll med årsstudium i friluftsliv frå NIH – som mange nå kjenner frå den svært populære NRK-serien Team Pølsa.

Kva lærer studentane som dei aldri kan lese seg til? Kvifor blir ledsagarrolla omtalt som Noregs mest undervurderte leiarutdanning? Og kva kan trenarar, leiarar og arbeidsgjevarar lære av ei veke på Beitostølen?

Ein episode om tillit, ansvar, relasjonar – og det å leie utan makt.

Programleiarar er Christina Gjestvang, førsteamanuensis, og Gjermund Erikstein-Midtbø, kommunikasjonsrådgjevar. Redigerar er Preben Sævartveit Henningsen.

See all episodes