·S1 E26
Veien til lavutslippssamfunnet, flertall mot klimanøytralitet – og Høyres veivalg
Episode Description
– Finn fram ein gammal pamflett av Kåre Willoch!
Det er Anders Bjartnes sitt råd til Høgre når ny klimapolitikk skal stakast ut etter Erna Solberg. Få også med deg diskusjonen om vekas store klimarapport og ei mogleg skroting av klimanøytralitetsmålet.
Landsmøtet i Høgre skal velje ny leiing etter 22 år med Erna Solberg som partileiar. Kva retning tek Høgre i klimapolitikken etter Solberg? Det er eitt av spørsmåla som blir stilte i denne vekas Klimax.
– Det er mykje ein kan seie om Erna, men ho har stått fast ved ein del av prinsippa i klimapolitikken som har vore viktige, seier Bjartnes.
Miljødirektoratet lanserte tysdag årets klimatiltaksrapport – Klimatiltak i Noreg 2026. Rapporten er det viktigaste kunnskapsgrunnlaget for utforminga av norsk klimapolitikk. Ine Schwebs var til stades då rapporten blei presentert og overlevert til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, og ho deler inntrykka sine frå pressekonferansen.
Panelet er også innom debatten om Noreg bør parkere klimanøytralitetsmålet frå 2016. Det er Senterpartiet som har fremja forslaget på Stortinget, og til no har dei fått med seg Frp, Høgre og Raudt – nok til å sikre fleirtal.
Episoden vart spelt inn torsdag 12. februar. I panelet deltok:
• Ine Schwebs, ansvarleg redaktør i Energi og Klima
• Anders Bjartnes, redaktør for utgivingane i Norsk klimastifting
• Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastifting
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.